Naturopplevingar

Dersom du vil nyte livet i naturen utan og gå i kø er Haukedalen det perfekte utgangspunkt. Her er mange fine turar i skog og på fjell og det er mange gamle stølar som er vel verdt eit besøk. Nedanfor finn du ei liste over nokre av dei vi kan tilrå. Her er både småturar og lange tunge dagsturar. Du kan gå i skog, på fjell eller bre. Tur/retur Haukedalen over fjella til ei av nabobygdene. Ønskjer du å kjøpe turkart over Haukedalen og området rundt med oppmerka løyper og turbeskriving kan du bestille det her: Kjøp kart.

For dei som ønskjer å fiske er både Haukedalsvatnet og elva Gaula kjent for sin flotte fisk. Det er også mange andre små og store fjellvatnet i gangavstand som kan vere vel verdt å prøve fiskelykka i. I dette vassdraget fins det berre aure (ørret) og den er både stor og feit og raud og fin i kjøtet. Det er ikkje uvanleg med fisk på over kiloen og den største fisken som vart tatt i 2006 var ein flott fisk på på 3,2 kg. Haukedalsauren kan brukast kokt, steikt, røkt eller som gravaure. Fiskereiskap er sluk, fluge eller mark og ein kan fiske med stang eller oter.

Du lyt ha fiskekort for å fiske i Haukedalsvatnet.
Får å sjå kor du får kjøpt fiskekort og leigd båt sjå Turistinformasjon.

Små turgåare Utsikt frå Kabusen På ved til Årskogstølen


Turar i Haukedalen

Kabusen
Kabusen
Nesstølen
Nesstølen
Bratt opp. Ca 45 min å gå.
Der er både skogsveg og sti.
Gjerlandsstølen
Gjerlandstølen
Slakt og fint å gå. Ca 40 min.
Først på skogsveg, sidan på god sti.
Gjerlandsheia
Gjerlandsheia
Gjerlandsisvatnet Gjerland – Hårklau
Frøyslandstølane
Frøyslandstølen
Slakt og fint å gå til den næraste.
Skogsveg heile vegen. Ca 30 min.
Frøysland – Gaularfjellet Vindheim – Gaularfjellet
Gjerland - Skryklingen - Myklebust Gjerland – Sandalen (Jølster)
Årskogstølen
Årskogstølen
Noko bratt. Ca. 1 times gange.
Skogsveg nesten heilt fram, fin sti resten.
Årskogheia - Vindheim
Gamlevegen opp på Rørvikfjellet Teigatølen
Teigatølen
Der er bratt opp heile vegen.
God sti.ca 1 times gange.
Venevassegga
Venevassegga
Myrestølen
Myrestølen
Noko bratt. Ca 1 times gange.
Først skogsveg, sidan sti.
Grønengstølane
Grønengstølen
Skogsveg inn til Grønengstølsvatnet, noko bratte parti. Sti langs vatnet. Ca. 2 timar å gå.
Grønengsdalen
Grønengsdalen
 

Dersom du ønskjer ein bretur kan vi tilrå

Jostefonn Grovabreen